Fine dagar som eremitt

Medan et satt nede ved Fossåa steig det opp ein regnboge bak meg.

Sist veke passa det slik at eg fekk nokre dagar for meg sjølv oppe på Tæla. Min beste halvdel hadde ærend på anna hald.

«Eg skjønar ikkje korleis du greier å vere åleine inne på fjellet. Eg hadde ikkje orka så mykje som ein time utan selskap,» var det ein som sa til meg.

Eg forstår spørsmålet, men skjønar det likevel ikkje. Men det har vel noko å gjere med at vi menneska er ulikt skapte. Sjølv har eg lært meg til å trivast i eige selskap. Eller lært; det er vel heller ein medfødd eigenskap. Ein eigenskap eg for min del er svært glad for å ha. Den har gjeve meg mykje glede og fridom.

Det vart nokre fantastiske dagar på hytta. Først eit lite friminutt frå onsdag kveld til torsdag ettermiddag, og så deretter heile helga. Lange kveldar ute på verandaen, vedarbeid, småturar og – høgdepunktet – eit langt kveldsete nede ved Fossåa laurdag. Utstyrt med kaffe avec, sjokolade, kamera og kikkert rusla eg ned til den vakre fjellelva mi i sjutida. Og vart der sittande til halv ni. Til søget frå fossen flyg tankane lett. Med så mykje vakkert å sjå på går tida fort. Ei makalaus stund, som eg lever lenge på.

Alle årstider har sin sjarm og sitt særpreg. Seinsommaren byr på lyse, varme dagar og mørke kveldar. Å sitte einsam ute på hytteverandaen ein mild augustkveld og mørkne ned saman med naturen, er ei oppleving fylt med optimal fred. Kanskje fer også huldra forbi i slike stunder. Eg veit ikkje. Vil ho ha kontakt, så er eg no der.

No går turen til Kreta. Og igjen får eg spørsmål: «Kvifor fer du til Syden, du som har hytte på så fin ein plass?»

Svaret er enkelt. Fjorten dagar på Kreta forsterkar gleda med å ha ei hytte i fjellet å gå til – og omvendt.

Verre er det ikkje med den saka

Dramatiske skyer over Tæla.

Å mørkne ned saman med naturen…

.

 

Kommenter innlegget