Ikkje til å forstå

Hårstadnebba ragar 1.644 meter over havet.

 

Det er umuleg å forstå alt. Eg er ein av dei som slit med å skjøne kvifor folk driv med basehopping.

Sist veke gjekk det gale igjen i Hårstadnebba. To hopparar kasta seg utfor det ville fjellet. Berre ein kom levande ned. Han som etter alt å døme er daud – lat oss inderleg håpe at han slo seg i hel med det same – ligg att oppi dei stygge ufsene enno.

Når eg skriv dette er det måndag, og det har gått fire døgn sidan ulykka. Blir det godver i morgon, skal modige bergingsmannskap frakte levningane ned frå fjellveggen.

Ja, kvifor driv folk med basehopping og anna risikosport? Det finst fleire teoriar. Ein av desse er at drivkrafta til utøvarane er å skaffe seg status for å ha utført ei risikabel handling. Andre meiner at mestringskjensla som eit vellukka hopp utløyser får våghalsar til å halde på med dette. Og vi har vel alle høyrd om jakta på det store «adrenalinkicket».

Men altså, eg forstår framleis like lite. Og eg kjenner, sjølv om det er aldri så forkasteleg, at eg faktisk ikkje har den ekte medkjensla som eg sikkert skulle ha hatt med dei som forlet verda på denne måten. Ingen har bede dei om å ta slike sjansar. Redningsmannskapa, derimot, har ikkje noko val. Nokon må risikere liv og lemmer for å rydde opp i galskapen.

Derimot tykkjer eg synd på dei som sit att med sorga etter tapet av ein son, bror, ektemann, far eller kva det no måtte vere. Så kanskje kjenner eg heller på litt sinne? Ja, eg trur faktisk det. Om eg er ein kald fisk? Nei, absolutt ikkje. Men denne hoppinga er berre så forbaska unødvendig.

Som redaktør i Aura Avis har eg vore med på å dekkje fire basehoppulykker med dødeleg utgang i Sunndal. Det er ein del av jobben, men særs lite festleg å halde på med. Sjølv om det er hendingar som dette som får nettrafikken til å gå til himmels.

Eg trivst godt i fjellet. Men Hårstadnebba er ikkje noko for meg. Nei, det held lenge med Fossafjellet, Storfjellet, Fintenkjarplassen og dei andre vakre fjella som omkransar Tæla og Kvenndalen. Ein tur til ein av desse toppane gjev maksimalt med trivsel, velvere og livskvalitet.

Men det forstår nok ein basehoppar ingenting av.

#basehopp #ekstremsport

Kommenter innlegget