
Austrått er vel verdt eit besøk.
Også i år dro vi ut på ein ferietur av det kortreiste slaget.
Utforsking av Fosenhalvøya vart prosjektet denne sommaren, og vi er glade for det valet. Så mykje fint å sjå – berre ein sett ned farten og brukar augo!
Vi overnatta på Brekstad og i Åfjord. Spesielt fascinert vart vi av Åfjord, som er eit særs triveleg, gjennomtenkt og velregulert kommunesenter. Felles for begge stader er at dei kan by på hotell av ein standard som er fullt på nivå med det ein finn i byane. Eg fekk med meg at Fosen Fjordhotell i Åfjord har vore kåra til årets bedrift i kommunen. Ikkje alle hotell ute i distrikta kan smykke seg med ein slik tittel.

Kaffepause i idylliske Råkvåg.
Dagane gjekk med til å farte rundt på kryss og tvers i eit område som byr på ein usedvanleg variert og vakker natur. Austrått, Uthaug, Lysøysundet, Stokkøya, Rissa, Råkvåg med Rein kloster og minnesmerket etter det store leirraset i 1978 – eg kan nemne idyllar og attraksjonar i fleng. For at denne historia ikkje skal bli alt for lang vil eg berre seie: Ta ein tur og sjå sjølv. Du blir ikkje skuffa.
Av fleire grunnar vart avstikkarane til Storfosna, Kråkvåg, Lauvøya og Linesøya heilt spesielle opplevingar. For det første: Her er det lett for ein enkel kvennbørgarding å bli bergteken av naturen. For det andre gjer det inntrykk å sjå kor mykje ressursar storsamfunnet har lagt ned i samferdsleutbygging på desse utpostane.
Storfosna når ein ved å ta ferje frå Garten rett vest for Brekstad. Den flotte turen tek knappe tjuefem minutt. På Storfosna, som mellom anna huser herregarden Storfosen gods, bur det 170 menneske. Frå denne øya et det bygd eit langt bru- og moloanlegg ut til Kråkvåg, der rundt 50 menneske klorar seg fast. Eg vil tru at sambandet inn til Storfosna er avgjerande for at det framleis bur folk på Kråkvåg.

Vi hadde som mål å køyre så mange småvegar som mogleg. Her frå Kråkvåg.
Lauvøya, «Fosen si grøne øy», har berre 25 innbyggarar. Også her har bru/molo gjort det mogleg å eksistere som fastbuande i 2016.
Linesøya er knytta til Stokkøya. Moloen og brua som går ut i havet er eit imponerande skue. Prislappen kom, etter ei skikkeleg kostnadsoverskriding, på nesten ein kvart milliard kroner. Men slik vart 70 menneske landfaste.

Kilometer etter kilometer med bru og molo… Bildet er teke frå Linesøya mot Stokkøya..
Enorme investeringar har berga tre lokalsamfunn med mindre enn 150 innbyggarar. Det er vanskeleg å sjå for seg at desse prosjekta ville ha overlevd ei nytte-kostanalyse. Til gjengjeld er verdivalet svært så tydeleg. Å oppretthalde busettinga på plassar som dette gjev eit rikare samfunn, etter mitt syn. Så får blårussen meine sitt.
Vi var ikkje borte i meir enn to og eit halv døgn. Men tida vart utnytta godt, og vi fekk ein tur til å leve lenge på.
#Fosen #Ferie #Sommar