Krone-Is og «kronas-is»

Ein gong i tida kosta ein Krone-Is ei krone. Og alle trudde, heilt feilaktig, at prisen hadde samanheng med namnet. Difor vart det sagt «kronas-is».

Kanskje ikkje så rart heller. For faktisk kosta ein Krone-Is ei krone i heile 16 år – frå 1954 til 1970.

Da det vart bestemt at 20 prosent meirverdiavgift skulle innførast frå 1. januar 1970, var det mange som lurte på korleis det skulle gå med «kronas-isen». Måtte prisen aukast til 1,20 kroner? Eg hugsar ikkje nøyaktig kva som vart resultatet, men i alle fall gjekk prislappen på ei krone for Krone-Isen over i historia i 1970. Seinare har det balla på seg. Ja, faktisk i ein grad som få andre produkt kan måle seg med. Ifølgje Noregs Bank sin priskalkulator tilsvarar ei krone i 1970 ca. åtte kroner i dag. Men Krone-Isen kostar ikkje åtte kroner. Sist eg kjøpte meg ein slik is i Eidsvågen i eit forsøk på ikkje å sovne bak rattet på veg heim, betalte eg over tjue.

Eit teikn på at alderdommen er like om hjørnet er at eg brukar tid på å filosofere over tema som dette. Da eg vaks opp på 60-talet, høyrde eg dei eldre samtale om kor dyrt alt hadde vorte. No sit eg altså og driv med slik mimring sjølv.

Og når eg først er i gang, kan eg vel fortsette litt til. I gymnasåra på Tingvoll først på 1970-talet laut vi lære oss kunsten å få pengane til å vare frå ei helg til den neste. Eg hadde ingen grunn til å klage på rasjonen eg fekk med meg før eg gjekk om bord i Brønstad-bussen mandag morgon. Tvert om. Far min ville at eg skulle ha så eg klarte meg – med god margin. «E de nau ta no da?», spurte han alltid.

Det er rart å tenkje på at hundrelappen som vart med til Tingvoll var meir enn nok til å leve romsleg gjennom veka, dersom ikkje noko spesielt skulle gå for seg. Middagen på Vidsyn kafeteria kosta mellom seks og sju kroner, og vi fekk til og med påfyll. Skeia du ut med ei tipakning sigarettar, utløyste heller ikkje det økonomisk ruin. Tre kroner for ein pakke var til å leve med. Dei som drakk mjølk, betalte 48 øre for ein halvliter hos Lars Bergheim. Oslo-avisene kom til Tingvoll rundt klokka seks om kvelden med ein buss frå Kristiansund. Dagbladet og VG, som var til sals i kiosken nede i Vågen, kosta 1,25 kroner – for øvrig det same som Adressa.

Det gjekk greit å få den økonomiske kvardagen til å henge ihop. Verre var det når pengar skulle skranglast saman til livsviktige innkjøp av LP-plater. Prisen for ei plate var i 1972 rundt 40 kroner – som altså tilsvarte om lag seks middagar på Vidsyn. Dette var med andre ord investeringar som kravde stor kløkt og mykje planlegging. For meg vart redninga meir enn ein gong mi snille mormor, som på den tida faktisk langt på veg var den einaste i familien som forstod at musikken som eg og bror Ole Magne høyrde på (og framleis delvis lyttar til) handla om meir ein støy og langt hår. For ei forstandig og omsorgsfull bestemor ho var!

For ei veke sidan fekk eg forresten eit par cd-plater i posten. Dei kosta 377 kroner inkludert frakt – eller drøye to dagens middag på ein landsens kafeteria. Konklusjonen er dermed at dei som er musikkinteresserte i dag har større sjanse for ikkje å svelte i hel, enn åndsfrendene hadde for 45 år sidan.

Ja, ein kan mimre og filosofere. Mangt og mykje har endra seg opp gjennom åra. No har eg sommarferie, og er så gammel at staten har skjenka meg ei «senilvekku».I morgon blir det biltur, og til helga ventar Tæla. Peder Kvendbø bygde i si tid hytta der oppe. Da Krone-Isen kom i sal i 1953, var han godt i gang med arbeidet. Kanskje kosta han og fru Ane på seg ein slik is før dei sette seg på motorsykkelen og la i veg frå Skei? I så fall måtte dei ut med 75 øre per stk.

Kor mange spikarar Peder kunne ha fått for halvanna krone, har eg ikkje klart å finne ut…

#Ferie #Gammelmannsprat

Kommenter innlegget