Sommar med og utan tålmod

Da vi forlet Tæla sist søndag, låg ho grøn og fin og sa «velkomne tilbake».

Ja, vi kjem tilbake. No er det ferie, og eit stykke ut i neste veke ber det opp igjen til eit lengre opphald. Eg og Mette ser fram til det. Ferieveka på Tæla er eit av høgdepunkta i året. Litt åfåttarbeid ute og inne, fjellturar eller berre avslapping – det finst ikkje betre måte å lade batteria på.

Heldigvis er vi begge slik konstruerte at vi ikkje bryr oss så mykje om veret. Sjølvsagt er sol og varme det beste i sommarferien. Men samstundes er det så velsigna godt å kjenne på at samhald og samliv ikkje blir påverka av nokre regndråpar. Om skodda heng langt ned i fjellsidene er det trivselen som rår i Tælastuå.

I sommar skal feriedagane mellom anna brukast til målararbeid. Eit par utvendige veggar treng eit strøk, og inne er det planlagt ei ansiktsløfting. Eg trur det blir bra. Fargekonsulenten har god smak, og er dessutan eit rivjarn med kost og pensel.

Problemet mitt er mangel på tålmod når det kjem til praktisk arbeid. Eg tåler lite motgang, og må difor settast til oppgåver som ikkje utløyser katastrofe om frustrasjonen skulle ta overhand.

Sist søndag hadde vi heldigvis besøk av ein kar med tålmod. Eg er nokså sikker på at Oddvar Kvande redda den nyinnkjøpte vindskjermen på verandaen frå total øydelegging. Under det første forsøket på montering dagen før, konkluderte eg med at remediet var ubrukeleg og feilkonstruert. Det nytta ikkje å få skjermen på plass, slik oppskrifta viste.

Eg måtte ta ein timeout, som det heiter på godt norsk.

Men så dukka altså Oddvar opp. Etter kaffelaget ymta eg frampå om han var villig til å gjere ei vurdering av det eg såg på som eit uløyseleg problem. Svaret var sjølsagt ja, og vi gjekk i gang. Ikkje uventa var alt like trongt som på forsøk nummer ein. Eg lanserte difor raskt forslag om bruk av hammar og kanskje til og med verkty av enda grovare slag. Men det ville ikkje Oddvar høyre tale om. Han lura og lirka med ein liten kniv. Og da vi til slutt drista oss til noko så brutalt som ei fil, skjedde mirakelet. Skjermen small på plass!

Så no kan det blåse, berre vinden kjem frå sør eller aust.

Før Tæla-veka skal vi ta imot sommargjestar, og det blir ein liten biltur. Begge delar er umåteleg triveleg. Eg og Mette har fått slik sans for kortreiste ferieopplevingar. Difor har vi ikkje tenkt oss lenger enn til Fosenhalvøya, der det er planen å bruke eit par – tre dagar til farting på kryss og tvers. I fjor køyrde vi rundt i to dagar på Frøya og Hitra. Du verden for ein geografitime!

Seinast laurdag 23. juli er vi på plass oppe på Tæla. Kaffen er alltid klar!

#Trollheimen #ferie

Kommenter innlegget