
Gratulerer med dagen alle saman. Det er ei ære å få stå her, og bidra til å vidareføre den lange og solide tradisjonen som Leikvinstemnet er. Mange har før meg stått på denne talarstolen og sagt mykje vettugt. Og enda fleire har ofra seg og lagt ned ein stor innsats for at det kvart år skal bli stemne.
Stemne, det er liksom noko gammelmodig over det ordet. I 2016 foregår mykje av kontakten mellom folk på sosiale media. Da er det verdifullt at ein sosial møteplass som dette held koken og at folk sluttar opp om arrangementet. Kanskje er det håp for menneskeleg samvær og kontakt utanfor dei digitale plattformane likevel?
Også i år er Leikvinstemnet ein del av ei storslått kulturmønstring – no under namnet Ørafest. Parallelt går musikkspelet om Barbara Arbuthnott, denne nærast mytiske dama som folket her i dalen aldri sluttar å bli fascinert av. I sum er alt dette eit gigantisk løft, dreve fram av frivillige, med assistanse av profesjonell drivkraft. Vi er desse eldsjelene, som kvart år står på for å gje fellesskapet gode opplevingar, stor takk skuldig.
Eg har lyst til å dvele litt ved omgivelsane her. Leikvinstemnet foregår i ein fantastisk natur. Dei mektige fjella, med sine fossar og bekkar – Sunndals smykke som eg har høyrd dei kalla – gjer oss små. Men samstundes, ja mest av alt, skapar fjella rotfeste, rammer, tryggheit (med visse unntak – det veit vi i Sunndal alt om), identitet og forutsigbarheit. Kort sagt, fundament og føresetnadar for eit godt liv.
Lyrikaren Rolf Jacobsen, som kom frå flate Austlandet, skildra alt dette på ein særs elegant måte i diktet «Mere fjell», der han skriv:
Av og til
må noe vare lenge,
ellers mister vi vel vettet snart,
så fort allting snurrer rundt med oss.
Store trær er fint
og riktig gamle hus er fint,
men enda bedre –
fjell.
Som ikke flytter seg en tomme
om hele verden enn forandres
(og det må den snart),
så står de der
og står og står
så du har noe å legge pannen inntil,
og kjøle deg
og holde i noe fast.
Jeg trivs med fjell.
De lager horisonter
med store hugg i,
som de var smidd av smeder.
Tenk på: – Den gamle nupen her har stått som nå
helt siden Haralds-tiden.
Den stod her da de spikret en arming fast til korset
Som nå. Som nå.
Med sildrebekker på og lyngkjerr og den store
bratte pannen
uten tanker i. Den sto her
under Belsen og Hiroshima. Den står her nå
som landemerke for din død, din uro,
kanskje dine håp.
Så du kan gå derbort og holde i noe hardt.
Noe gammelt noe. Som stjernene.
Og kjøle pannen din på den,
og tenke tanken ut.
Og tenke selv.
Så, før eg går vidare ein liten parentes – eller hjartesukk: I Sunndal har vi fossar som er blant dei høgste i verda. Dei lever eit anonymt liv, fritt for skilting og anna informasjon. Det er heilt ubegripeleg. Eg spør: Når vil nokon ta ansvar, slik at dei turistatttraksjonane vi faktisk har fått gratis saman med skaparverket blir gjort kjende for tilreisande som fer gjennom dalen?
—-
Rotfeste, rammer, tryggheit, identitet og forutsigbarheit – eg har tenkt å reflektere litt rundt nettopp desse begrepa. Eller kanskje rettare sagt: Verdiane.
Sjølv har eg saman med to andre karar dei siste åra arbeidd mykje med lokalhistorie, der vi har dokumentert seter- og utmarkshistoria i to trollheimsdalar, Kvenndalen og Søyådalen. Ein forsiktig tanke i 2007 om å lage eit lite hefte, vart til to bøker på til saman fem hundre sider. Kjeldetilfanget ? personar som kunne fortelje, bilete og diverse skriftleg dokumentasjon – var så uendeleg mykje større enn kva vi torde å drøyme om på førehand.
For meg vart dette ikkje berre ei omfattande innsamling av stoff. Like mykje, ja kanskje meir, opplevde eg prosessen som ei identitetsreise. Det å gå inn i historia til sitt eige oppvekstmiljø, og få eit djupare innblikk i livet til dei som skapte bygda og kulturlandskapet, gjer at eg mykje sterkare enn før forstår kva verdiar og krefter som har forma meg, kvifor eg på godt og vondt er den eg er og kvar eg djupast sett ? for alltid ? høyrer til.
Gjennom eit slikt arbeid lærer ein også om menneske som hadde eit anna forhold til arbeid enn det vi vanlegvis har i dag. Folk var ikkje kvisame på å ta eit tak, anten det no var innafor primærnæringar, som bøkene våre spring ut av, eller som vi veit det var i industrien. Ei erfaring eg har gjort meg er at mykje av det som foregjekk t.d. på setrene, det ser vi på som eksotisk i dag. For dei som stod oppe i det, og arbeidde femten timars dag gjennom heile sommaren, handla det derimot om ein barsk kamp for tilværet.
Mange har kanskje fått med seg at eg trivst særs godt på seterstølen vår opp på Kvennbøtæla i Trollheimen. Der dreiv mine forfedre i si tid med setring og markaslått. Om eg ein sommarkveld tek meg ein tur rundt på stølen, tykkjer eg nesten at eg ser dei. Herifrå kan eg kvile blikket mot høge fjell. Når kveldssola fargar Nordviksula djup raud, veit eg at eg ser akkurat det same som seterfolk og fjellfolk har sett i hundrevis, ja tusenvis av år attover i tid. Det er i slike stunder ein verkeleg kjenner på kroppen at ein er ein del av noko som er større enn ein sjøl.
I eit upublisert dikt, som vi fann i ei hyttebok i Søyådalen, fangar Hans Hyldbakk denne stemninga, som eg er sikker på at dei som fer i sunndalske seterdalar også vil kjenne seg att i:
Sommarnatt i Søyådalen!
Elv som søgjer, foss som ryt,
fjell som som rygg mot himlen skyt!
Alltid denne same talen
om det store allmakts under,
som i einsemds stunder
gjennom sinn og sansar bryt.
Diktet er for øvrig på dagen 53 år gammalt. Kleivakongen skreiv det 19. juni 1963, går det fram av hytteboka.
Det var litt om mitt rotfeste – min identitet. Alle har vi forskjellige referansar og ulik forankring. Ein lokalhistorikar og skribent som vi alle kjenner, Petter Erik Innvik, skriv mykje om industrireising og oppbygginga av det vi kan kalle det moderne Sunndalsøra. Det er ei verkelegheit fjernt frå setring og markaslått. Men eigentleg skriv vi om det same; røter, tilhørigheit og identitet. Difor trur eg faktisk at når eg står på stølen og ser mot Sula, og han står på Flaggnuten og skuar utover Øra, så har vi ei felles indre oppleving.
—
I november blir det tjue år sidan eg byrja som redaktør i Aura Avis. Det er nesten utruleg at det har gått så mange år. Men det er vel slik at når tida går fort, så er det eit teikn på at ein trivst. Det har og vore ei identitetsreise. Uansett korleis framtida måtte bli for mitt vedkomande, vil eg bere Aura Avis med meg.
Når du har ein slik jobb – som for øvrig har vore i konstant endring – over så lang tid, blir du nært knytta til arbeidsplass, kolleger og produkt. Aura Avis vart grunnlagt i 1947, og vi er altså 69 år. Eg må innrømme at det gjer meg audmjuk å tenkje på at eg har site med ansvaret i nesten ein tredel av denne tida. Mange vil vel sikkert meine at eg burde ha gjeve meg for lenge sidan. Sjølv vil eg likevel tillate meg å vere stolt over å vere den lengst sittande redaktøren i Aura Avis. Einar Sæter sat i 17 år. Sjølv om han skifta beite og starta ein konkurrent, er det ikkje tvil om at vi som jobbar i Aura Avis nyt godt av den store innsatsen som Sæter la ned. Eg tykkjer vi skal vere så rause å seie at utan hans mangeårige innsats hadde ikkje Aura Avis eksistert i dag.
For ein del år sidan gjennomførte vi eit strategiarbeid, og i samband med dette vart vi utfordra til å utforme ein misjon for avisa. Etter mykje diskusjon og idekasting landa vi på denne: Aura Avis får verden til å henge på greip. Det står faktisk på lysskiltet over inngangsdøra vår i Amfi.
Kva betyr det? Jo, at vi ønskjer å knytte Aura Avis til dei begrepa, verdiane, som eg nemnde innleiingsvis: rotfeste, rammer, tryggheit, identitet og forutsigbarheit. Kort sagt: Vi vil at lokalavisa skal vere ein knagg å henge livet på for folk i Sunndal og Tingvoll. Når du har lest avisa saman med morgonkaffen, da er livet på plass.
Lokalavisa har mange funksjonar. Vi skal informere, kritisere, avsløre, kommentere, underhalde, irritere og inspirere – for å nemne nokre. Men til sjuande og sist er kanskje dette med å vere ein identitetsberar, ein kontinuitetsskapar, den viktigaste sida ved verksemda. Tenk berre på alle dei tusener av sunndalingar og tingollgjeldingar som har fått livet sitt dokumentert gjennom Aura Avis: Fødselsbilete, gebursdagsbilete opp gjennom barndommen ? ja, kanskje gjennom heile livet, bilete frå barnehage og første skuledagen, konfirmasjonsbilete og bryllupsbilete. Saman med dette kjem ei mengde artiklar og bilete om deltaking i idrett, anna kulturaktivitet, politikk, frivillige organisasjonar og arbeidsliv. Og heilt til slutt: Ein annonse som varslar at den siste reisa har starta.
Mange har spådd ei dyster framtid for lokalavisa. Eg er ikkje så sikker på at all pessimismen er berettiga. Rett og slett fordi, om vi steller oss godt, har ein posisjon og funksjon i lokalsamfunnet som gjer at folk vil ha bruk for oss også i framtida.
—-
Vi er på eit museum. Eit museum kan sjåast på som ein oppbevaringsstad for gamle gjenstandar. Men dette er sjølvsagt ei alt for snever betraktning. Museet lærer oss om fortida. Det er kanskje ein floskel, men likevel: Utan kunnskap om fortida greier vi ikkje å forstå framtida. Eg tykkjer at vi stadig ser innslag på nyheitene som fortel om kor farleg historieløyse og mangel på rotfeste og identitet kan vere. Det er skremmande. Kampen mot terror og vold er, saman med klimakrisa, vår tids aller største utfordring. Ein ting er i alle fall heilt sikkert: Skulle desse utfordringane forbli uløyste, vil kloden etter kvart blir ein utriveleg plass å opphalde seg på. Og hugs: Dette er ikkje fjern storpolitikk. Det angår kvar enkelt av oss. Kvar dag.
Eg har, innafor visse grenser, tru på patriotisme. Folk som brenn for lokalsamfunnet sitt, som er ekte patriotar og ofrar seg for fellesskapet, blir det aldri for mange av. Men vi må aldri la den lokale patriotismen gå over i sjåvinisme. Og det er livsfarleg når patriotismen på eit meir overordna nivå går over i nasjonalisme. Diverre ser vi tendensar til at politiske krefter, basert på nettopp nasjonalisme, islolasjonisme og rasisme er på frammarsj i fleire land i Europa. Eg har inga tru på at dei store utfordringane som eg nettopp nemnte, vold, terror og klima, let seg løyse ved at land bygger murar mellom kvarandre og er seg sjølv nok. Tvert om. For min del ser eg ingen motsetnad, eller identitetskrise, i det å på den eine sida ha begge beina planta i forfedrene si jord inne i Trollheimen, og på den andre sida vere europear og verdensborgar. Slik som Barbara Arbuthnott.
Flyktningkrisa har skapt utfordringar, internasjonalt, nasjonalt og lokalt, som ingen hadde forestilt seg. Alle sunndalingar har grunn til å vere stolte over måten kommunen har handtert oppgåva på. Her er det gjort ein fenomenal jobb, som har vorte lagt merke til langt utanfor kommunegrensene.
Resultatet ser vi: Eit stabilt, velfungerande fleirkulturelt lokalsamfunn – der det beste i den tradisjonelle sunndalske identiteten møter folk frå andra land og kulturar med respekt og rausheit. Ja, vi må vere stolte.
Og med det: Ha ein fin dag vidare i regnet. Takk for meg.
