
Travle tider for Fossåa…
I helga gjorde eg første fotturen for året til Tæla. Det går mot sommar.
Men sjølv om kalenderen viser juni, er det framleis vår i fjellet. Snøen har minka mykje dei siste par vekene, men det er rikeleg att. Fossåa hadde det travelt no i helga. Mykje snøvatn skal fraktast ned liene og ut i fjorden.
Fossåa sin våryre song gjorde det umogleg ikkje å tenkje på diktet «Vårsøg». «Vårsøg», udødeleggjort av Henning Sommerro, kan lesast som ei lovprising av naturen som vaknar til liv etter ein lang vinter. Men det er også et utbreidd oppfatning at Vårsøg eigentleg var ein hyllest til freden. Hans Hyldbakk skreiv diktet tidleg på året i 1945, rett før landet fekk fridomen i gåve på nytt etter fem år under tysk okkupasjon.
Uansett kva tyding ein måtte legge i verselinene, er Vårsøg eit vakkert dikt. Fjellheimen byr på så fine opplevingar denne årstida, svært presist skildra av Kleivakongen på denne måten: «De søng så tongt kring alle dalasiå, å synnåvinn han kjem å gjer me sel».
Seinhausten i fjellet set deg i ei nesten sakral stemning. Motstykket er vårdagen, med fuglesong, susande bekkar og nytt liv som av daude gror. Eg har gått frå Kvenndalen og opp til hytta på Tæla mange hundre gongar, og kjenner både dei store trekka og dei små detaljane i landskapet godt. No i overgangen mellom vår og sommar er det fascinerande å sjå korleis skaparverket forandrar seg frå veke til veke. Treet, som berre for kort tid sidan knappast stakk opp av snøen, helsar deg plutseleg med knoppar og blad på greinene. Steinar og rabbar som du kjenner, kjem opp i dagen på nytt. Ei vandring i vårleg lende handlar om noko langt meir enn berre det å gå på tur.
Elles baud denne helga på ei anna storhending oppe på Tæla. Heilt frå Toscana kom Tage Stabell-Kulø, som er oldebarn av Elling Kvendbø. Elling bygde i 1921 Telheim, som i dag vert halden i hevd og flittig bruka av min gode ven Bjarne Holten. For den langvegsfarande gjesten var det ei spesiell oppleving å få sjå hytta til oldefaren.Det vart ein rett så minnerik dag, som eg kjem tilbake til ved eit anna høve.

På veg ned frå Fintenkjarplassen er det nesten så ein får Sula rett i fanget.