
Foto: Lars Gudmund Røen.
Ut på seinsommaren 2007 vart det første frøet til Kvenndalsboka sådd. Ni år og 500 sider med lokalhistorie seinare fekk eg, Torbjørn og Erling Kleivaprisen. Ja, det vart ei reise som vi ikkje hadde drøymt om.
Da vi bestemte oss for å starte med innsamling av stoff om Kvenndalen, var vi usikre på kva som fanst. Kanskje kunne det bli eit lite hefte? Vi tenkte ikkje så store tankar.
Men tilgangen på kjelder, bilete og anna materiale viste seg å vere mykje større enn forventa. Det vart ikkje hefte, men bok. Kvenndalsboka, som kom ut før jul i 2010, vart på nesten 200 sider.
I 2012 bar det til med Søyådalsboka. Også da byrja arbeidet ut frå små ambisjonar. Men vegen vart til medan vi gjekk. Prosjektet balla på seg, og boka endte på litt over 300 sider.
Vi er takksame og stolte over prisen. Å bli verdsett på denne måten er triveleg. Takk for alle gratulasjonar!.
Kleivaprisen tileignar vi Eidet. Eg håpar og trur at Kvenndalsboka og Søyådalaboka kan verte to varige fotefar i dette landskapet, der vi forfattarane har røtene våre så trygt forankra. Dessutan: Hundrevis av personar, som på ymse vis har vore til hjelp i arbeidet, kan med godt samvit ta på seg ein del av æra for at vi fekk Kleivaprisen. Utan all denne velviljen hadde det ikkje vorte bøker. Tusen takk!