Skisesongen over

Utsikt mot Kvenndalen frå Litjfjellet 4. mai i år.

 

Det er nok slutt på skisesongen for i år.

Slutt no? Mange skjønar ikkje kva eg meiner. Dei har allereie stått med baken i veret ute i hagen i fleire veker, og har ikkje oppdaga at mai er den finaste skimånaden. Diverre lever mange i den villfaringa at påskehelga set punktum for skigåinga – uansett kva tidspunkt høgtida måtte kome på. Dei veit ikkje kva dei går glipp av.

Folk må gjerne gå på ski i desember, januar og februar. Sjølv tek eg som oftast fram skiene i byrjinga av mars. I gode år har eg strekt sesongen til månadsskiftet mai/juni.

Denne våren vart det slutt litt tidlegare. Helga 6. – 8. mai gjorde eg og Mette siste skituren for året til Tæla. Vi gjekk første del av turen på føtene, og bruka ski resten.

For meg vart det ein tur til Fossåfjellet laurdagen. Føret var fint, men også tregt. Det gjorde det mogleg å renne nesten rett ned. Sporet etter meg såg difor særs imponerande ut.

Onsdagen før gjekk eg frå Tælastuå til Litjfjellet. Også det ei flott oppleving. Eg hadde landskapet for meg sjølv.  Det er ikkje stor trafikk oppe på Tæla midt i veka. Ja, ikke på helg heller, for den del.

Litt farting både i utlandet og innaskjærs gjer at vart ein liten Tæla-pause no rundt midten av mai. Så neste gong eg tek liene fatt, vil det vere med fjellsko på beina.

Snart kjem sommaren, med bading i Fossåa og lange, lyse kveldar ute på verandaen. Etter sommar følgjer haust, og naturen går i dvale. I slutten av oktober tek eg farvel med Tæla for vinteren. Så snur sola, og eit nytt år melder seg. Sakte kjem våren, og med den ein ny hyttesesong.

Det er ein vakker syklus.

Kommenter innlegget