Som i dei fleste bransjar, byr livet i ein liten lokalavisredaksjon stort sett på kvardagar. Men så kjem desse velsigna unntaka, som ein lever lenge på.
Eit slikt unntak var måndag 25. april – den store supermåndagen, med mange folkeavsrøystingar om kommunereforma.
Aura Avis har brukt store ressursar på å skrive om reforma dei siste to åra. Å opplyse folk om ei slik viktig sak går rett inn i det vi kallar samfunnsoppdraget til avisa. Etter å ha lagt ned så mykje arbeid, bestemte vi oss for å trø til skikkeleg på finalekvelden. Ingen skulle slå oss!
Ei djerv målsetting. Men vi klarte det.
Å lage avis – i dette tilfellet nettavis – dreier seg om planlegging, samhandling og effektivitet. Vi var tre på jobb – to på Sunndalsøra og ein på Tingvoll. Yngve på tingvollkontoret har kommunevåpenet til Tingvoll inngravert i panna. Tommy, som eg hadde ved mi side i redaksjonen på Øra, spring fortare og tenkjer klårare enn dei fleste. Til saman vart vi eit dream team.
Når nettrafikken går til himmels og konkurrentane heile tida er ei båtlengde bak deg, er det utruleg artig å vere redaktør. Alt klaffa denne måndagskvelden. Det er lenge sidan eg har vore så stolt. Med medarbeidarar som spelar med hjartet utapå drakta, slik folk har for vane i Aura Avis, kan alt skje.
Og det gjorde det.
Slitne og glade, men ikkje karravorne, innvilga vi oss ein øl med akevitt på hotellet etter endt dyst. Og i rein medkjensle tok vi ein ekstra skål for kveldens store tapar, fusjonsminister Jan Tore Sanner.
Ja ja, slik er no dette avislivet.