Søndagstur i havgapet

Prima turfølgje: Jorunn og Mette. I bakgrunnen litt av gassanlegget på Nyhamna.

 

Det er triveleg og lærerikt å sjå seg rundt. Også i nærmiljløet. Eg og Mette trivst godt med kortreiste turopplevingar. Sist søndag utforska vi Aukra saman med Jorunn.

Det året eg jobba i dåverande TVRomsdal, i 1996, farta eg mykje rundt i Aukra. Sidan den gongen har kommunen gjennomgått ein revolusjon. Gassanlegget på Nyhamna har gjort Aukra søkkrik på eigedomsskatt. Og det synest.

Eg hugsar godt intervjua med ordførar Andreas Horrem. Han sat på det eg vil kalle eit loft i eit gamalt trehus, som altså var rådhuset. I dag er det annleis. Aukra har fått eit prektig rådhus, der ordførar Bernhard Riksfjord regjerer. Du møter eit flott kommunesenter. Det ligg nye, store og velstelte hus over alt. Sjølv i dei minste avkrokar er det gatelys. Heile lokalsamfunnet er prega av velstand. Jau, gasspengane verkar. Ikkje rart at fattige moldensarar ligg langflate etter å få tak i all denne rikdomen. Kommunereforma kan brukast til så mangt.

De fleste innbyggjarane i Aukra bur på Gossen. Nokre hundre held til inne på fastlandet, i Julsundet, klemt mellom Molde og Fræna.

Gossen er eit perfekt mål for ei kortreist turoppleving. Avstandane er korte. Det tek ikkje meir enn eit drygt kvarter å køyre frå ende til ende på øya. Til gjengjeld går det eit uttal vegar på kryss og tvers. Her er det lett å bruke mykje tid for den nysgjerrige. Den eine idyllen avløyser den andre.

Fri for kontrastar er Gossen heller ikkje. Inne på øya er det mykje jordbruksland. Rett utanfor ligg storhavet. Fantastisk havutsikt mot Bjørnsund og øyane i Sandøy og Haram kan ein til dømes få frå Rokta-monumentet på Rindarøy. Absolutt verdt eit besøk – både for landkrabbar og for folk med saltvatn i årene.

Og skulle du ha litt ekstra tid, går det an å forlenge turen med ei lita havreise. Ferjereisa frå Småge til Ona, med anløp på Orten, Finnøya og Sandøya, er ei naturoppleving du seint vil gløyme.

#Aukra #Kortreist #Romsdal

Rokta-monumentet på Rindarøy.

 

 

 

 

Kommenter innlegget