Alltid til å lite på

Sultoppane, Gråfjellet og Bollknubben er stødige naboar. Påska 2016.

 

Eg anar ikkje kor mange gongar eg har fotografert Sula og Bollknubben frå hytta. Truleg dreier det seg om tusenvis av eksponeringar.

Blir du ikkje lei av dette motivet, kan dei som er saman med meg spørje. Svaret er nei. Eit tilleggssvar er dessutan: Motivet er aldri likt. Det sørger skiftande årstider, lys og ver for. Fjella lever.

Det finst ikkje noko meir stødig enn fjell. Dei har alltid stått der. Og dei skal trone på plassen sin i all framtid. Fjella er til å lite på. Kanskje er det difor kameraet og auget så lett søkjer mot desse majestetane.

Fjella er også band til fortida. Når Elling Kvendbø sat oppe i Telheim og let blikket gli over Tæla for snart hundre år sidan, saug han til seg dei same inntrykka som dagens eigar, min gode ven Bjarne, gjer. I fine augustkveldar kan eg rusle rundt på stølen og vite at Sula i gamle dagar viste seg fram for seterfolket i akkurat same raudfarga. I slike stunder kjenner ein seg på mange måtar liten – og samstundes som ein del av noko som er uendeleg stort.

Hans Hyldbakk var ein meister i å skildre natur og naturstemningar. Også han let seg fascinere av mine fjell. I diktet «Eidet» skriv Kleivakongen:

Kjem du gåande
oppigjennom Modalsvegen
blir du ståande
både ottefull og fegen.
Fjell og flyer, høge tindeslott
syner seg og kjem imot deg brått.
Kvelven blånar
over jøkulbre som aldri brånar.

Ja, så fint kan det seiast. Til helga blir det tælatur igjen. Skiterrenget og fjellet kallar. Det blir sikkert nokre bilete av Sula, Bollknubben og alle dei andre fjella på denne turen også. Gode, pålitelege vener skal ein ikkje oversjå.

#Fjellet #Trollheimen #Natur #Kvennbøtæla

 

Kommenter innlegget