
Ålesund er ein av dei finaste byane i landet. Og definitivt blant dei trivelegaste.
Eg og Mette har gjort det til ein liten tradisjon å ta ein årleg weekend i jugendbyen. Programmet er enkelt: Vi bur godt, og kostar på oss litt ekstra når det gjeld mat og drikke. Så er det handel, kafebesøk og vandring i gater med ein arkitektur som det ikkje finst maken til andre stadar i Møre og Romsdal.
Ruta for heimturen søndag varierar. Vi køyrer aldri kortaste vegen. I år vart returen lagt om Sykkylven og Stranda. To ferjer ekstra. Og mange flotte naturopplevingar som bonus.
Eg har reist mykje i Møre og Romsdal i jobbsamanheng. I Ålesund har eg vore eit utal av gongar – på møte. Å oppleve byen som turist er noko heilt anna. Sunnmørshovedstaden byr på mykje som går hus forbi når ein er på vitjing i «embets medfør». Det har vore gjort eit omfattande oppussingsarbeid i Ålesund dei siste åra. Dei mange flotte fasadene gjer at ein ser meir opp enn fram på ferda gjennom gatene.
Kortreiste turopplevingar er undervurderte. Det er ikkje nødvendig å bruke ein halv dag på Dovre og Gudbrandsdalen før sjølve turen startar. Vi som bur i dette fantastiske fylket har spennande reisemål så å seie rett utanfor stuedøra.
Kvar vi skal neste helg? Tæla.
#Ålesund #Jugend #Sunnmøre