
Kvennbøtæla i sin finaste påskeskrud.
Eg er ein ivrig brukar av fjellet. Kvar årstid har sin sjarm og sitt særpreg. Men påskehelga er det noko heilt spesielt med.
Påska er så mykje samla i eitt: Høgtid, tradisjon, ferie og naturoppleving. I sum vert dette balsam for kropp og sinn.
I desse dagar strøymer tusenvis at nordmenn til fjells eller til sjøen for å oppleve sitt påskeparadis. Eg og Mette dreg opp til Kvennbøtæla, til ein stille støl som er fri for afterski og støyande natteliv. For meg blir dette påske nummer 24 på rad i Tælastuå, som i palmehelga vart gjort påskeklar. Måndag letta også skodda litt, slik at Gunnar fekk køyrd opp ved og varer med scooter. Alt ligg med andre ord til rette for ei fredeleg påske etter velprøva oppskrift for oss to einsame gamle.
Oppskrifta er påske på gammeldags vis. Tælastuå vart bygd for over seksti år sidan, og residensen er velsigna fri for fasilitetar som straum og vatn. Næraste og einaste nabo ligg fleire hundre meter unna.
Det går sikkert an å seie at vi som dyrkar fjellet på denne måten er i ferd med å gå ut på dato. Ja, om det så skulle vere slik, så gjerne for meg. Eg ville ikkje ha bytta med nokon. Kvardagen er så full av krav og mas. Dette krev motvekt. Motvekta fins meir enn nokon annna stad i fjellheimen, i form av fridom, einsemd og stillheit. Skjønt einsemd. Eg har forlengst funne ut at i fjellet eksisterer ikkje eit slikt omgrep. For alt rundt deg lever – på sin måte. Du har selskap.
Difor ser eg fram til ei ny påske med bæring av vatn, lys frå parafinlampa og vedfyring. Dei same turane som i fjor, og i alle år før det, skal gjennomførast. Og dei same menneska, som er like gammaldagse som ein sjølv og som framleis tek ein tur utanfor oppkøyrd løype, kjem på besøk. Det blir kaffelag og yatzy. Kort sagt – tid for å dyrke det gode og sorglause liv.
På same måte som påska byggjer på eit mirakel av ein bodskap, er dei kvite vidder under blå himmel også eit under av overveldande prakt. Påska er ei tid til å finne seg sjølv. Åleine – eller saman med andre. I naturen sin egen katedral.
#påske #hytteliv