
Ein gnist. Det var det vesle som skulle til. Nokre takter av Tarkus. Eller kanskje var det Promenade. Eg hugsar ikkje heilt. Det er så lenge sidan. Men Keith Emerson sine tangentar skapte ein eld. Eg har kjent varmen i 45 år.
Fredag 11. mars 2016 døydde mannen som viste meg vegen inn i musikken. Som fekk meg til å forstå at den musikalske verda er vidare enn vers, refreng og gitarsolo. Emerson Lake and Palmer var ei openberring for ein nysgjerrig tenåring. Tarkus opna nye dører. Pictures at an exhibition slo dei opp på vidt gap.
Promenade. Eit gjennomgangstema i Pictures at an exhibition. For eit par år sidan sa eg og mi kjære Mette ja til kvarandre. Vi vandra ned kyrkjegolvet til tonane av Promenade. Seremonien skjedde i Bud kyrkje. Men da orgeltonane strøymde mot oss, såg eg for meg ein langhåra villmann bak tangentane i Newcastle City Hall.
Ein gnist. Ein eld. Eit liv. Ei interesse. Ein helt som alltid har vore der. Når eg i dag kan finne like stor glede i ei låt av Grateful Dead som i eit minimalistisk samtidsverk av Steve Reich, veit eg kven eg skal takke. Vegvisaren Keith Emerson brydde seg ikkje om båsar. Han gjekk på tvers av alle grenser. Det var berre å følgje etter.
Det vil ta tid å forstå at denne store mannen er borte. Vi som sit att har musikken. Det er ei gåve. Ein arv.
No kan alle hammondorgel føle seg trygge. Ingen kjem og sett kniven i dei meir.
Fingrar i forrykande fart over tangentar. Hoedown. Gnisten.
#keithemerson
Ein tanke på “Vegvisaren er borte”