
Stor stemning i Holmenkollen.
I helga var eg så heldig å få oppleve eit par dagar med VM i skiskyting i Holmenkollen.
Å sjå rennet «live» er heilt annleis enn å sitte framfor TV-apparatet. På stadion er det rett nok ikkje berre lett å halde seg fullt orientert om utviklinga i konkurransen – der er TV-sendinga uslåeleg. Men når det gjeld atmosfære er sjølvsagt Holmenkollen noko for seg sjølv. God speakerteneste og storskjermar gjer dessutan at det går nokonlunde greit å følgje med, sjølv i renn med intervallstart.
To dagar i selskap med så mykje folk er hard og uvant kost for ein enkel kvennbøgarding. Ein må finne seg i å stå i kø, og det det er heilt bortkasta å vere stressa. Her er det massane som bestemmer tempo og framdrift. Det tek den tida det tek å få kjøpt ei pølse med brød. Og det er farten til ti tusen andre som avgjer når du kjem fram til plassen din på tribuna. Men for all del; med blide menneske og framifrå stemning over alt var dette ei kjempeoppleving.
Kva eg hugsar best? Svaret kunne kanskje ha vore at vi første dagen sto ti meter unna kongen og hadde orkesterplass da Tirill kasta seg rundt halsen på majesteten. Gullet til nemnde Tirill gjorde naturlegvis stort inntrykk, og det same gjeld medaljene til Bjørndalen. Premieseremonien nede i sentrum om kvelden var også utruleg stilfull og høgtideleg.
Men det er ein ting som endå seinare enn dette kjem til å gå ut av minnet. Eg tenkjer på burgeren. I pausen mellom renna laurdag laut det vere lunsj, og vår omsorgsfulle vert hadde bestilt mat i andreetasjen på det store serveringsteltet. I eit VIP-område, så å seie. Der åt vi ein enkel burger med tørt brød. Pris: 525 kroner. Ja, det er heilt sant. Med passande drikke til, kom det fasjonable måltidet på over 600 kroner – for ein person.
Det er ingen fare med marknadskreftene. Dei lever. Burgeren tok kaka. Ingen tvil.
Medan eg er inne på hendingar som er verdt å minnast: Sist veke fekk eg fekk Målblomsten til Sunndal Mållag. Eg har i heile mitt liv vore oppteken av språk og språkspørsmål, og kan vel ikkje seia anna enn at det var triveleg å verte sett pris på. Torbjørn og Erling får kvar sin flik av denne blomsten. Det er lett å bli inspirert når ein har slike kompisar og medforfattarar.