Eg er 22 timar inne i mitt 61. år. Er det ikkje verre enn dette å kome opp i 60-åra, har eg god tru på at det skal gå bra.
Så langt har livet som gammelkar handla om kaffelag, fine gåver og ein straum av trivelege gratulasjonar på Facebook. Sist eg sjekka var talet på helsingar passert 230. Eg er ikkje vennelaus.
Neida. Livet smiler. Ein avstumpa avisredaktør, som aldri har hatt som ambisjon å bli populær, er lett å glede.
Eg kan ikkje anna enn å takke alle som hugsa meg på dagen. Det var så reint for mykje.