VM-jubileum

I dag, 17. februar, er det på dagen femti år sidan ski-VM i Oslo i 1966 starta.

Eg var berre ti år den gongen, men hugsar det meste som om det var i går. Framleis kan eg ramse opp dei fleste medaljevinnarane, i alle fall på herresida, utan å bruke oppslagsverk. Sportsinteressa hadde for lengst festa seg, og VM-forventningane var enorme. Gjennom intense studier av sportssidene i Adresseavisen i vekene før meisterskapen, var eg godt førebudd på det som skulle

Etter at brørne Gjermund og Jo Eggen hadde vunne dobbeltseier på 3-mila i norgesmeisterskapen like før VM, var optimismen framfor åpningsdistansen over 30 km stor. Men rennet vart ein nedtur. Tvillingane frå Engerdal mislukkast, og det same gjorde dei to andre på laget, Harald Grønningen og Lorns Skjemstad.

Men det skulle kome andre dagar. På den første laurdagen i VM vann Bjørn Wirkola normalbakkerennet i Midtstubakken, og på den siste dagen i meisterskapen gjek han til topps i skodda i Holmenkollen. Skilnaden på dei to bakkane var for øvrig ikkje stor i 1966. Det lengste hoppet i Midtstua var berre rundt fem meter kortare enn lengste svev i storbakken.

Eit anna minne som sit fast etter hopprenna, er korleis det gjekk gale med konsentrasjonsfenomenet Toralf Engan. Akkurat idet han skulle sette utfor i normalbakken, hekta han fast skia. Dermed måtte heile førebuingsseremonien starte på nytt. Men skaden var uoppretteleg. Stilhopparen forlet hoppkanten som ei kråke.

På 15 km tok langrennarane solid hevn med å kapre dei tre første plassane. Gjermund Eggen vann føre Ole Ellefsæter og Odd Martinsen. Herrestafetten vart ein rein parademarsj for Norge, før Gjermund Eggen krona det heile med sitt tredje gull på den dramatiske 5-mila.

Kanskje kosta denne seieren meir enn han smakte. Eggen gjekk heilt i kjellaren, og fortalde etterpå at han ikkje hugsa målgangen. I åra etterpå vart han aldri nokon meisterskapsløpar.

VM i 1966 vart den meisterskapen da dei norske langrennsdamene for alvor kom ut av skuggen. Dei klarte sølv på stafetten, etter at Berit Mørdre staka frå svenske Toini Gustafsson i ein legendarisk spurt. Russarane var sjølvsagt heilt suverene. Kva dei åt til frokost kan vi berre spekulere i…

I grunnen var det berre kombinertløparane som skuffa i 1966. OL-vinnaren frå 1964, Tormod Knutsen, hadde lagt opp, og ingen arvtakar sto klar. Men det var til å leve med. Suksessen til Eggen og Wirkola overskugga alt anna.

Det meste, men ikkje alt, gjekk direkte på TV. Noko kom i opptak. Ordet stress var ikkje oppfunne, og folk sat inne midt i økta for å sjå på sendingane. Når avisa kom i hus, vart ho klipt i fillebitar. Bileta av hopparar og langrennsløparar var klenodium som sirleg vart lima inn i utklippsbøker.

Ja, det var tider. No er det meisterskap og sportssendingar heile tida. Alt var ikkkje betre før. Men evna til å glede seg var større. Det er eg sikker på.

#skiVM

#Ski

#Holmenkollen

Kommenter innlegget