Kommunereforma ga grobotn for mykje interkommunal koseprat – ei stund.
Men no har det vorte alvor. Medan ordførarane for eitt år sidan flørta og sendte pirrande meldingar til kvarandre gjennom aviser og sosiale media, brenn det no under føtene på mange av dei. Det er slutt på uforpliktande kjærteikn. Kommunereforma er eit spel der dei fleste er dømde til å tape. Om få år vil fleire av dei som ein gong var karravorne herremenn og -kvinner på friarferd, sitte att som fallerte kongar utan land.
Slik sett er dette ei trist historie. Ikkje minst fordi dei eg her er på grensa til å gjere narr av, er uskuldige offer. Det var ikkje norske lokalpolitikarar som fann opp kommunereforma. Samvitsfulle ordførarar og andre kommunetoppar måtte berre opp og bykse da Jan Tore Sanner sa hopp.
Så hadde det seg rett nok slik at nokre i løpet av svevet vart vel kjepphøge i trua på eiga styrke. Men det lever vi med. Og ler litt av.
No handlar alt om å kome ned på beina. Eg ser at det finst dei som har bygd solide revehi med fleire utgangar. Framtida er lys, uansett korleis endskapen blir. Andre har spela korta sine dårleg, og står i fare for å miste kontrollen over eiga framtid. Dei som må betale prisen for dårleg pokerhandverk er innbyggjarane.
Som avismann har eg følgd arbeidet med kommunereforma tett. Sett bort frå at ein statsråd har fått for seg at det er for mange kommunar her i landet, er det framleis ikkje så enkelt å få auge på kva som skal vere formålet med kommunesamanslåingane.
Det kviler ein slags stille resignasjon over heile greia no. Ordet «robust» er borte. Vi høyrer ikkje så mykje meir om at større avstandar og færre lokalpolitikarar skal bli til beste for lokaldemokratiet. Kommunalministeren ser at det som ein gong var tenkt å bli til hundre kommunar, truleg endar ein stad mellom tre og fire hundre. Sanner går stilt i dørene for tida. Lydige ordførarar, som ikkje er så karravorne lenger, set ikkje restane av den storfelte sentraliseringstanken ut i livet av lyst, men fordi dei må. Dei vil berre ha fred.
Ut på vårparten skal mange kommunar ha folkeavstemning. Det er eit framifrå høve til å vise at grasrota har kraft i seg til å sette sjølv den mektigaste minister ut av spel.
#kommunereformen
#kommunereforma