
Eg og Mette var oppe i Holmenkollen i mars i fjor. Da var det sol – og ikkje hopprenn.
Nikkersadelen fekk viljen sin til slutt, og 1,8 milliardar kroner vart pakka inn i skodda i Holmenkollen.
Den nye Holmenkollen er eit imponerande anlegg. Men den fungerer ikkje som skiarena. I år vart nok ei skihelg øydelagt, med langrenn som knapt nokon såg og eit hopprenn som ikkje let seg avvikle. Dårlegare norgesreklame er det vanskeleg å få.
Etter krigen har det vore arrangert tre ski-VM i Holmenkollen. I 1966 og i 1982 var det ingen som såg hopprenna – i 2011 gjekk det heldigvis bra med fint ver og skikkeleg VM-stemning. Men problemet er altså at det som skjedde i 2011 meir har vorte unntaket enn regelen.
Skodderennet i 1966 vart sendt direkte på fjernsynet. Skodde og blasse svart/kvitt-bilde var ein dårleg kombinasjon. Men det var stas likevel. Omformaren utafor Solbakken var eit mirakel som sørga for at dei store hoppidola kom heilt inn i stua. Skodda bar vi over med.
Eg var ti år den gongen, og hadde bakken bak fjøset som boltreplass. Min store helt var Bjørn Wirkola. Beundringa vart ikkje mindre, da storhopparen sendte eit glis inn i kameraet før kan kasta seg ut i den gråe grauten. For ein våghals! Wirkola leverte eit fenomenalt førstehopp, og vann. Akkurat som han gjorde i normalbakken i Midstua ei drøy veke tidlegare.
Rennet i 1982 vart derimot ein skikkeleg nedtur, hugsar eg. Eg hadde tømt lønskontoen og kjøpt nytt fargefjernsyn, og alt var duka for fest i heimen. Men så kom skodda. Ein finne med eit avslappa forhold til alkohol og fest vann. For øvrig var det ingen som såg noko. Fargefjernsyn hjelpte ikkje.
Holmenkollbakken kan ikkje flyttast. Flausen blir ståande for all framtid. I mars er det skiskyttar-VM same stad. Dit skal eg. Det er vel best å ta med seg kart og kompass – både for publikum og deltakarar…
#skihopp #holmenkollen