Jubileum

I dag, 1. februar, er det nøyaktig eitt år sidan eg posta det første innlegget her på Fintenkjarplassen.

Sidan den gongen har det vorte snaut femti epistlar. Sidan dei fleste av desse er reine mentale egotrippar (som det heiter på godt nynorsk) frå mi side, er eg overraska over kor mange som har bruka tid på tankespinnet mitt. Trafikken på nokre av innlegga har faktisk overgått mine villaste forventningar. Eg kan ikkje anna enn å takke og bukke.

Faren for at skrivinga held fram er til stades. Det er så rart med det. Når ein gammel mann kjenner seg lagt merke til, blir han oppøst og inspirert.

Det står ikkje likare til.

Kommenter innlegget