For nokre dagar sidan delte eg litt mimring om sportssendingar i gamle dagar her på Fintenkjarplassen.
Som eg skreiv, var det ekstra stas med hopprenn. Ein gong det skulle vere hopp på fjernsynet, rundt 1965 eller der omkring, hadde vi besøk av ein kar i slekta som dreiv med både skihopping og fotografering. Han skulle ikkje berre sjå på rennet. Hopparane, Engan, Brandtzæg, Wirkola og andre storkanonar, skulle også festast til filmen medan dei var i svevet.
Å ta bilete av det som skjer på ein TV-skjerm var da, som no, ikkje enkelt. Men den hoppinteresserte fotografen visste råd. I eit blad hadde han lese at dersom ein varma opp blitzen på førehand, vart resutatet bra.
Så før rennet vart det sett ein kasserolle fylt med vatn på vedomnen inne hos oldemor mi på kåret. Da vatnet byrja å koke, vart blitzen lagt oppå lokket til han fekk ein god lunk.
Eg hugsar at fotografen var i aksjon, men eg har aldri sett korleis bileta vart. Kven som vann rennet har eg også gløymt.
Men fotograferinga gjorde inntrykk. Det avanserte eksperimentet sit spikra i minnet.