Tankar frå trimsykkelen

Nok ei helg med TV-sport frå morgon til kveld er over. Tilbodet er overmåte bra.

Eller; er det for bra? Spørsmålet er kanskje dumt, for det finst jo noko som heiter av-knapp. Men for oss som slit med eit sinn utan karakter er det ikkje så enkelt. Sjølv må eg konstatere at ein planlagt skitur på Skaret laurdag vart til ei to mil lang utflukt på trimsykkelen. Sunt nok, men heilt klart ikkje det same som mosjon ute i friluft.

Eg trudde at det kanskje skulle gå an å bli blasert når ein kjem opp i åra. At ein skolt full av sekund, scoringar og stilkarakterar ein gong fekk nok. Men framleis finst det for min del ikkje teikn til at noko slikt er på gang.

Om opplevinga av å vere blasert ikkje er til stades, er nok gleda over eit hopprenn eller ein fotballkamp likevel ikkje så stor som ho ein gong var. Fordi dosene i dag er så enorme og og så hyppige. Eg hugsar dei første åra etter at fjernsynet kom til gards tidleg på 60-talet. Det var neppe sendt meir enn to – tre hopprenn i løpet av ein sesong. Men du verden for ei forventning som knytta seg til dei få renna som gjekk. Vi gledde oss i fleire veker. På same måten var det med skøyter, langrenn og fotball. Til og med ishockey var stas. Sjølv om svart/kvitt-fjernsyn med mykje «snøfokk» gjorde det umogleg å sjå pucken.

Det er eit stort sprang frå Bjørn Wirkola som hoppa 146 meter i svart/kvitt i Vikersund til Anders Fannemel som sveva 105,5 meter lenger i same bakke på stor flatskjerm. Ei reise på 49 år. Ein får vel seie at ein er privilegert, den som har fått med seg begge delar.

Og som tross alt har hatt forstand nok til å investere i trimsykkel.

Kommenter innlegget