Norsk reality

I Norge pågår det eit reality-show. Nokon skal ut. Heile tida.

Programleiaren for denne bisarre forestillinga er ei odelsjente frå Ørskog, som etter å ha erta på seg bondestanden no tek fatt på oppgåva med å renske den norske velstandsidyllen for individ som ikkje passar inn. Dette urbane gardbrukaremnet har fått jobben med å sette opp utgard rundt pengebingen. Nettingen skal vere finmaska.

Ho er ein effektiv programleiar. Etter at ho fekk regien i showet, er det allereie sett rekordar i eksport av uønska element. Kvar dei hamnar er det ikkje så nøye med. Odelstausa uttrykkjer for sin del stor tru på Russland. Der er det trygt.

Vi e aill individa, brukar den halvøkologiske sauebonden Odin Jensenius å seie. Det er eit vakkert utsagn. Men i det norske realityshowet er det ikkje plass til godheitstyrannar.

Det er for mykje som står på spel. Kjem det for mange med framand hudfarge og merkelege dialektar hit, kan det hende vi må legge om levesettet vårt og dele meir av overfloda med menneske som treng det.

Ei ambisiøs stjerne på ein blå og plettfri himmel sørger for at det ikkje skjer. Ho held Norge reint. The show must go on.

 

Kommenter innlegget