Eg er på veg til å bli gammelkar. Teikna kjem tettare og tettare.
I det nye året er det spesielt to ting eg har lagt merke til.
Teikn nummer ein: Eg køyrer mykje saktare enn før. Berre denne veka har eg vorte forbikøyrd fleire gongar på veg heim frå jobb. Ein dag kom det eg meinte måtte vere ein retteleg jypling og rasa forbi på Gussiåsen. Men så kikka eg på speedometeret, og måtte straks innsjå at dette slett ikkje var nokon jypling. Tvert imot var det ein høgst sivilisert bilist som sikkert hadde irritert seg grøn over å måtte ligge bak ein Golf som heldt 65 km/t på den beine og breie vegen.
Teikn nummer to: Eg køyrer bil med ytterjakka på. Det er nesten verre enn det med farten. Noko slikt har eg aldri gjort før. Ikkje eingong i sprengkulde. Mandag køyrde eg frå Øra til Øksendalen før eg tok av meg jakka. Torsdag vart det jakkekøyring til Jordalsgrenda. Og sanneleg – fredag køyrde eg heilt til Elnesvågen med jakka på.
Eg likar ikkje utviklinga. Kva blir det neste? Vanskeleg å seie. Det einaste eg er sikker på – i alle fall enno, er at eg aldri skal bli nokon hattkall. Eg brukar aldri lue. Eg har ikkje hatt. Der går grensa. For øvrig kan sikkert alt skje på veg heim frå jobb og inn i alderdommen.