Høgtid for hopp


John Gammelbu’n hoppar i Holmenkollen.

Eg er interessert i all slags idrett. Men skihopping står i ei særstilling.

Det er vel noko eg har med meg frå barndommen. Vi dreiv mykje med hopping i bakken ovafor fjøset. Ikkje ekstremsport akkurat. Men forbilete som John Gammelbu’n, Toralf Engan,Torgeir Brandtzæg og Bjørn Wirkola ga oss mot og sjølvtillit. På dagar med godt føre, når høg fart kompenserte for dårleg satsteknikk, kunne vi hoppe bakken ned.

At den halte, men svært så trivelege, originalen på Gammelbua hadde hoppa i Holmenkollen opplevde vi som nokså uverkeleg. Men premiane på Gammelbua tala sitt tydelege språk. John hadde vore ein stor skirennar.

Sjakk kunne han forresten også. Eg har aldri dreve det langt som sjakkspelar. Det er slik at eg kan reglane og spelar litt no og da. Helst oppe på Tæla. Det var John som lærte meg kunsten.

Men tilbake til skihopping. Det er høgtid no, medan Hoppuka pågår. Eg har sett kvart einaste nyttårshopprenn sidan 1964. Det som Prevc og dei andre held på med er fenomenal idrett. Men svart/kvitt-minna om Wirkola og dei andre barndomsheltane er det likevel ingenting som kan måle seg med. Vi var ikkje forvent med hopprenn på TV på 60-talet. Nyttårshopprennet var ei verkeleg storhending.

I dag er det få som hoppar på ski ute på bygdene. Det er vel knapt nokon som kan bygge ein hopp eller tråkke opp eit unnarenn lenger. Dei gamle bakkane gror att. Slik har det også gått med bakken ovafor fjøset på Kvennbø.

Hoppinteressa mi skal krattskogen likevel aldri få taket på. Og heldigvis er denne flotte idretten høgst levande i mange land. Vi er eit standhaftig folkeferd, vi som meiner at det i røynda finst berre tre idettar; skihopping, skihopping og skihopping.

All anna sport er supplerande trim for folk som ikkje greide å bli skihopparar.

#skihopp #Hoppuka

Kommenter innlegget