Ein slitesterk tradisjon


Juletrefest i 1966. Mange kjente fjes. (Fotoeigar: Ragnhild Mikkelsen)

Når mørket sakte senkar seg over dei stille grender 2. juledag, samlar folk seg til juletrefest i Eidet bedehus.

Juletrefesttradisjonen står sterkt på Eidet. Ingen veit heilt sikkert når starten var, men det har nok vore halde 2. dagsfest her sidan 1920-talet – same tiår som det gamle bedehuset vart bygd. Sidan har eidsbyggane slutta mannjamnt opp om arrangementet. Dei siste åra har dessutan folk frå eit vidare omland gjort det til ein del av si julefeiring å ta turen til Eidet denne dagen.

Vi som vaks opp på Eidet fekk juletrefesten så å seie inn med morsmjølka. Å ta turen til bedehuset 2. juledag var ein naturleg og fast del av jula. No kunne det vel enkelte år hende at lysta til å vere heime for å leike med julegåvene var større enn trongen til å gå på juletrefest. Men i realiteten hadde vi ikkje noko val. Og eg kan ikkje hugse at eg nokon gong mistreivst når festen først var i gang. Tvert imot – minnene frå juletrefestane i det gamle bedehuset er sterke og gode.

Ei jul fekk eg likevel innvilga «permisjon» av foreldra mine. Da gjekk eg på julebesøk til Gjeret, der det var samla fleire som hadde vald å feire 2. dagen i eit mindre fellesskap. Eg hugsar at det var ein umåteleg triveleg dag med spel og kaffelag.

Men vi som sat på Gjeret, utgjorde nok eit klårt mindretal av folket på Eidet. Juletrefesten har nemleg i alle år samla rundt hundre personar. Det er eit imponerande høgt tal. Rekorden vart truleg sett i 1978, da den første juletrefesten i det nye bedehuset vart halden. Dette året var heile 140 personar, 80 vaksne og 60 born, til stades!

Berre 1969 peikar seg ut med dårleg oppslutning. Denne jula var det mykje sjukdom rundt om i heimane.

Eit arrangement som dette blir ikkje til av seg sjølv. Nokon må vere drivkraft, og ta på seg ansvaret med å velje komite, skaffe talar for dagen samt syte for juletre, mat og program. Det er i det heile mykje som skal ordnast.

Før skulen på Eidet vart nedlagt i 1958, var det lærarane som stod i bresjen for juletrefesten. Folk hugsar framleis lærar Trygve Polden, når han kom ut på kjøkkenet for å kjenne på kaffelukta.

Dei siste femti åra, og vel så det, er det folket på Ellevseten som har styrt med juletrefesten. Frå slutten av femtitalet tok Edvard Sjøflot over leiinga i ein periode, før dottera Ragnhild i 1966 gjekk inn i rolla som komiteleiar og eldsjel. Det var ei oppgåve ho løyste med både kraft og entusiasme. I førti år på rad leia ho festen, og framleis er det Ragnhild som har ansvaret med å få på plass ein komite.

Ein viktig del av historia er også at Ragnhild gjennom eit tidsrom på rundt førti år heldt søndagsskule på Eidet. Søndagsskuleborna stod for underhaldninga på juletrefestane. Mange ungar på Eidet fekk sitt første møte med ei scene nettopp på juletrefesten 2. juledag, anten det var gjennom små opptrinn, song eller opplesing. Jenny Klinge debuterte som opplesar i Eidet bedehus. I dag har ho tilgang til den viktigaste talarstolen i landet.

Etter at søndagsskulen på Eidet vart lagt ned, bidro Gunvor Flaa og Marit Hyldbakk saman med ungane frå Kvanne søndagsskule ei tid med program og planlegging. Det same gjeld Nedre Surnadal søndagsskule med leiarane Inger Marie Paulsen og Mali Settem, som framleis er med. Familien Settem har i dei seinare åra ofte stilt opp med song og musikk på juletrefestane.

Ragnhild fortel at det alltid har vore lett å få med folk i komiteen. Ho har notert opp medlemane i alle komitear sidan 1966, og meiner at samtlege husstandar på Eidet er representerte på denne lista.

Ein heilt spesiell støttespelar er ektemannen Sigbjørn. Han har vore fast komitemedlem sidan 1966. I alle år etter den tid har han sytt for juletreet til bedehuset, og sett det på foten. Så er det i tillegg all grunn til å tru at det gjennom desse åra har vore utført ikkje så få andre «småvendingar», som Sigbjørn sjølv ikkje ønskjer å gjere noko nummer ut av.

I historia om juletrefestane på Eidet trer det også fram andre profilar. Godt vaksne eidsbyggar vil minnast klokkar og lærar Jon T. Øye, som i mange år var talar. Han heldt på lenge og vel, og innhaldet var ikkje alltid like godt eigna for dei mange ungane som måtte sitte i ro i timevis.

Seinare tok ein annan klokkar, Ola Sjøflot – onkel til Ragnhild, over som talar. Også han hadde denne oppgåva i ein lang periode. Sidan Ola ved fleire høve var heime hos oss i Utigard på snekkararbeid, lærte eg han godt å kjenne. Som talar bruka han ikkje store ord. I meir privat samanheng var han ein lun humorist. Han hadde dessutan svært godt lag med ungar.

Før elektrisiteten kom, var Ola J. Polden frå Myra fast lystennar. Han festa eit talglys til ei stong, og med denne innretninga tente han alle lysa på treet. Ola var høg av vekst, og hadde ikke noko problem med å nå tak i lysa i toppen av juletreet.

Bror til Ragnhild, Lars Sjøflot, kan hugse at han støypte lys både til bedehuset og for bruk heime saman med mora Gudrun og si tante Hanna. Dette var i krigstida.

Ein annan viktig person var organisten, Johannes Ellevset frå Geilhaugen. I ei lang rekkje år spela han ikkje berre på juletrefestane, men i alle slags samankomstar på bedehuset. Han leia også Eidet Musikklag. Johannes hadde ein heilt spesiell stil og positur, der han sat bak tangentane. I mine første år som juletrefestdeltakar spela han trøorgel. Seinare, på slutten av 60-talet, vart det investert i eit elektrisk orgel.

Etter Johannes si tid spela Ingrid Lysberg piano i ein del år. Også Astrid Hyldbakk har ofte stilt opp som akkompagnatør til gangen rundt juletreet.

Ola Østbø frå Ellevseten, også onkel til Ragnhild, var billettseljar i ei årrekkje. Han sat i døropninga mellom litjsalen og storsalen. Ordninga med inngangspengar vart det slutt på eit stykke ut på 1970-talet. I 1974 var billettprisen for vaksne tre kroner, og det halve for born. I dag er det i staden utlodning.

Pakkar til ungane og kaffeservering til dei vaksne har alltid vore ein del av programmet. I mange år hadde ungane med pakkar som vart lagt i ein sekk, og så delt ut igjen. Det er vel rett å seie at ikkje alle var like heldige med trekninga. Frå 1969 har det vore kjøpt inn pakkar med likt innhald til alle, noko som utvilsamt er eit meir rettferdig system.

Dei vaksne fekk utdelt kvar sin pose med brød til kaffen – «kjøpbrød». Denne ordninga varte til eit stykke ut på 70-talet. Eit år kom det så mykje folk, at komiteen på kjøkkenet gjekk tom for posar. Kaffebrøda måtte leggast på fat, og slik har det vore sidan.

Kjernen i i festen, gang rundt juletreet og eit kristent forankra sosialt samver, har opp gjennom åra vore den same. Men mykje har også endra seg. Det gamle bedehuset, som var i bruk fram til 1977, hadde t.d. ikkje innlagt vatn. Vatnet måtte anten hentast i ein bekk rett aust for huset, eller nede i Storsletta. Isolasjonen i veggane var det så som så med. Oldefar min, Sivert Øye, hadde i si tid jobben som opptennar i bedehuset. Han opplevde mange kalde stunder for seg sjølv ved omnen, før møtelyden kom til oppvarma hus.

Før bedehuset fekk innlagt straum, var det så mørkt i salen at det ikkje var mogleg å sjå i songboka under gangen rundt juletreet. Songane måtte sitte i hovudet. Fleire, mellom dei Jon T. Øye, imponerte med å kunne alle vers til samtlege songar «færuitta».

Frå mine første år på juletrefest hugsar eg at folket plasserte seg på ein heilt bestemt måte når dei kom til bedehuset. Mennene og ungdomen sat i litjsalen, der trekken frå ytterdøra kunne vere nokså barsk, medan kvinner og born inntok storsalen. Vanlegvis tok det ei stund før dei inne i litjsalen våga seg ut på gang rundt juletreet. Men når dei først kom, vart det folksamt rundt treet – gjerne tre ringar – og song som fylte heile salen.

Som liten gut merka eg meg også at juletregangen omfatta fleire «stilartar». Ungane heldt kvarandre i hendene. Kvinnene gjekk tett i «leistand», medan karane ofte la hendene på skuldrene til han som gjekk framom.

Eldre eidsbyggar fortel om juletrefesten som det store høgdepunktet i jula. No til dags startar festen klokka tre, og varer to – tre timar. I eldre tider, før folk hadde elektrisitet, radio, TV og ei mengd andre tilbod som vi i dag tek som ein naturleg del av både fest og kvardag, var det annleis. Juletrefesten byrja den gongen klokka fire, og varte til langt på kveld. Festlyden heldt ofte ut heilt til klokka ti. For å få med seg alt, gjorde folk unna fjøsstellet før dei gjekk på juletrefest. Andre tok ein snartur heim midt i festen for å mjølke.

Dei som samlar seg til juletrefest i Eidet bedehus denne jula, er med på å vidareføre ein tradisjon som nærmar seg nitti år. Ein identitetsskapar, ei bru mellom fortid og notid, som vil leve vidare i mange år framover.

(Artikkelen vart første gong publisert i 2012-utgåva av årsskriftet til Stangvik Historielag.)

Kommenter innlegget