
Tæla i haustskrud. Vemodig vakkert.
For sju og ein halv månad sidan, den 14. mars, starta hyttesesongen på Tæla. Sist laurdag var det avslutning.
Det vart ein dagstur i eige selskap. For ein gongs skuld var sekken lett å bere opp liene. Det var meir som skulle ned enn opp – slik det som regel er den siste turen.
Og for ei avslutning på sesongen. Landvind og 15 varmegrader møtte Tæla meg med denne laurdagen. Den siste dagen på Tæla i år vart ein av dei finaste.
Det har vore ein flott sesong, den tjuefjerde i rekka. I snitt har eg skreve i hytteboka kvar tredje dag sidan første turen i vår. Nokre av desse turane har eg vore åleine, men dei fleste gongane har vi vore to. Og til tider enda fleire. Eit høgdepunkt i sommar var å oppleve at barnebarna Benjamin og Daniel kosa seg slik i morfar og Mette sitt paradis.
Den siste turen for året er alltid spesiell. Mykje skal ordnast til vinteren. Det heile er nærast som ein liten seremoni. Du skriv i hytteboka og takkar for i år. Takknemleg for alt det fine du har fått lov til å oppleve. Fylt av vemod fordi det er ei stund til neste tur. Men slik er denne syklusen, som gjer det å ha hytte på Tæla til ein livsstil.
Mette er for øvrig alt i gang med planlegginga av neste sesong. Ho skriv liste over ting som skal vere med scooteren i mars. Eg kan bere tyngre sekkar enn ho. Men når det gjeld systematikk og planlegging er eg sjanselaus…
Haust er mørketid. Men der framme ligg lyset. Det er alltid håp. Hans Hyldbakk såg dette. I diktet «Haustadag» skriv Kleivakongen:
Alt det gamle skal forgå,
kviskrar det frå blad og blomar.
Men i faret frå din somar
skal det nye liv oppstå.
Eg tek med meg desse orda inn i vinteren, i trygg forvissing om at berre nokre få månadar fram i tid ligg den første skituren opp Kvennbøliene.

Enno renn Fossåa i kåte kast. Men snart stilnar søget for i år.