Still opp for flyktningane!

Idet eg skriv dette har NRK nettopp levert eit framifrå dugnadsprogram til inntekt for flyktningane.

Frå Fintenkjarplassen går det no ut ei oppmoding til alle om å støtte aksjonen.

Gje etter evne. Pengane går til menneske som er i ein situasjon som vi i pengebingen er ute av stand til å sette oss inn i.

Ved å stille opp for flyktningane vender vi også ryggen til den faenskapen av mørkeblå og brunskimra krefter som ikkje tåler heidersmenn som Steinar Olsen i Stormberg.

Bli kunde hos Stormberg!

Still opp for flyktningane!

Kommenter innlegget