Reformert utsikt?


Utsikt frå hytteglaset.

Frå hytteglaset oppe på Kvennbøtæla har eg utsikt til mange kommunar. Forutan Surnadal ser eg til Sunndal, Tingvoll, Molde, Gjemnes og Averøy.

No arbeider sterke krefter for å reformere utsikta mi. Går det som dei mest ivrige ønskjer, vil heile panoramaet i framtida tilhøyre anten Molde eller Kristiansund. Robust og demokratisert skal eg sitte på stølen og skue utover eit landskap som med eitt har vorte ein einaste stor drabantby.

Trur kommunalminister Jan Tore Sanner. Men han har forrekna seg. Den storstilte reforma baksar i motvind. Folkeleg motstand trugar med å leggje heile kongstanken om eit nytt kommune-Norge daud. Innbyggjarane i Romsdal og på Nordmøre ser inga framtid i å bli underlagt økonomisk havarerte byar.

Det er ikkje så ofte Fintenkjarplassen gjev inspirasjon til politiske tankar. Men akkurat no er eg nøydd til å halde meg i eit visst politisk modus, sidan eg saman med redaktørkollega Tore i Tidens Krav skal leie en paneldebatt på Ålvundeidet onsdag 2. september. Kommunereforma kjem nok opp som tema i ordskiftet. Men i Sunndal ser det ut til å vere eit breitt politisk fleirtal for at kommunen anten skal halde fram på eigen kjøl eller slå seg saman med Nesset. Skal det bli temperatur i debatten, må vi nok innom andre felt der motsetnadane mellom partia er tydelegare.

Eg trur på eit kommunalt mangfaldig utsyn frå hytteglaset også i framtida. Jan Tore Sanner burde ha vore ein tur oppe på Tæla, Da hadde også han mista trua på luftslottet sitt.

 

 

 

Kommenter innlegget