Ventetankar


Utsikt ein onsdagskveld.

Stort lenger unna den fred og ro som herskar oppe på Fintenkjarplassen kjem eg ikkje enn dette. Eg sit på Gardermoen og ventar på eit fly som ikkje har tenkt seg til Molde før klokka ti på ti i kveld. I skrivande stund er det meir enn to timar att av ventetida.

Dagen har gått med til ein oslotur i «embets medfør». Konsernet legg strategi for dei neste åra, og da er det greit å vere til stades. Aldri har endringane skjedd så fort som no i mediebransjen. Utviklinga er den same i alle aviser – uansett storleik. Det gjeld å henge med i svingane og suge til seg all den kunnskapen som er tilgjengeleg. Det var faktisk eit godt og inspirerande møte, sjølv om mange pilar peikar feil veg for tida. Amedia har mange kompetente leiarar som no hjelper oss med å stake ut kursen vidare. Eg har god tru på at det skal gå bra. Det viktigaste stikkordet er omstillingsevne. Den som trur at digitaliseringa vil gå over, er nøydd til å finne seg noko anna å gjere.

Denne bloggen er også eit resultat av den digitale revolusjonen. Frå eit kafebord på Gardermoen kan eg lage ein epistel, som berre sekund etter at han er ferdig er tilgjengeleg for eidsbygger og anna aktverdig folk. For få år sidan visste ingen kva ein blogg var for noko. Det har skjedd mykje på kort tid.

Fredag kveld ber det til Tæls igjen. Ein tur til Fintenkjarplassen i løpet av helga står på programmet. Etter at vi fekk merka stien, har trafikken auka på. Det synest godt nedover liene, der stien no er meir tydeleg enn nokon gong. Det er artig å sjå.

Sjølv om hyttesesongen sakte dreg seg mot slutten, er det ei fin tid som står att. Hausten i fjellet er noko for seg sjølv. Det er ikkje så mykje anna som kan måle seg med ei solblank hausthelg på Tæla. Om 48 timar er eg der.

Men først var det altså dette flyet…

Kommenter innlegget