
Chania. Det er ikkje alle på jorda som bur i bustadfelt konstruerte av fantasilause byråkratar.
Da er det straks Rhodos neste. Laurdag ettermiddag lettar flyet frå Årø, og det ber til himmels inn i den siste ferieveka.
Av og til får eg spørsmålet: «De som har hytte på fjellet, kvifor reiser de til Syden?»
Svaret kan formulerast på mange måtar. Eg tek kortversjonen her: Det er sunt å kome seg utaskjærs. Når ein er heime igjen set ein enda meir pris på det som er nært. Aldri er Kvennbøtæla så god å kome til som etter eit opphald utanlands.
Dessutan er det lærerikt å oppsøkje andre land. Nye kulturar og impulsar, spennande mat og drikke, annleis natur og innblikk i levemåtar som ligg fjernt frå den norske. Ein sydentur kan gjerast til så mykje meir enn å ligge på ei strand. Sjølv om det også er ein behageleg ingrediens som høyrer med. Sol og varme gjer godt for både kropp og sjel. Mi erfaring er at ei gresk strand kan gje inspirasjon til fintenkjing av høg klasse.
Dei som ropar høgast om kor forferdeleg det er i Syden har som regel aldri vore der.
Er har vore seks gongar i Hellas – fem på Kreta og ein på Karpathos. Rhodos er upløygd mark. Grunnen til det er nok at vi trivst så godt i Platanias på Kreta. Ein sydande liten by med eit sjarmerande særpreg. Eit kvarters busstur unna ligg Chania, der ei vandring i gamlebyen er som å bli sett fleire hundre år tilbake i tid.
Men no er det altså Rhodos. Vi gler oss til nye opplevingar. Det blir berre ei veke denne gongen. Så det gjeld å leve intenst og sakte på same tid.