Dette har vi opplevd før


Ein ikkje heilt uvanleg utsikt frå hytteglaset under mi eremittveke på Tæla.


Verre enn dette kan det vel ikkje bli!

Kor mange gongar har vi ikkje høyrt nokon seie det i sommar. Å ja, folk som uttrykkjer seg slik talar om veret. Dette fenomenet som alle meiner noko om, men som ingen greier å temme.

Det har vore ein trist versommar. Såpass må det vere lov å seie. Men er dette den verste vi har opplevd? Nei, sjølvsagt ikkje. Sist helg bladde eg litt i hyttebøkene på Tæla, der m.a. verobservasjonar er notert ned. Konklusjonen er lett å trekkje. Det har regna før også. I bøtter og spann, faktisk. Sommaren 2015 er, når alt kjem til alt, ikkje så mykje verre enn mange av dei som har vore.

Dårleg ver i juli er nok meir vanleg enn vi likar å tenkje på. Eg hugsar frå barndommen, da store delar av denne månaden gjekk med til hesjing. For meg er slåttonn og regn to sider av same sak. Korleis vi fekk inn høyet skjønar eg framleis ikkje.

Vil ein opphalde seg på Nordvestlandet i ferien, nyttar det ikkje å tenkje berre på veret. Ein må ha meir enn håpet om solskin å fylle dagane med. Sjølv hadde eg ei veke heilt for meg sjølv på Tæla eit stykke ut i juli. Med unntak av ein dag, regna det heile tida. Den lengste elingen varte i 27 timar. Men det var ei fint hytteopphald likevel. Eg kom meg både til Kvenngrøfjellet og Fossafjellet. Og aldri er god litteratur betre enn når skodda legg seg over stølen og regnet piskar mot ruta.

Framleis er det litt sommar att. I alle fall ifølgje kalenderen. Om eg håpar på nokre soldagar? Jau da, eg er ikkje likare karen eg heller…

 

 

Kommenter innlegget