Gode tilbakemeldingar


Julidag på Holtasetra.

Om eksamen er bestått får andre avgjere. Men halvanna veke etter lanseringa av Søyådalsboka kan vi tre som har laga produktet i alle fall gle oss over mange positive tilbakemeldingar og rosande presseomtale. Hundre frammøtte på lanseringa i Bondehuset var langt over det vi hadde forventa.

Vi takkar dei som så langt har kjøpt boka, og håpar sjølvsagt at fleire vil sikre seg eit eksemplar framover. Søyådalsboka er i sal på NMS Gjenbruk på Skei, hos Joker Kvanne, på Matkroken i Todalen og hos Erling i Austre Lia.

Onsdag 17. juni skal vi presentere boka under onsdagstreffet på Surnadal kulturhus. Her blir det også sal og signering.

Dette skriv media:

Tidens Krav (artikkelen vart skreven før signeringa på NMS Gjenbruk onsdag 3. juni)

Driva

todalen.no

 

 

 

Kommenter innlegget