Boksleppet nærmar seg


Stoffinnsamling på Fauskåfjellet sommaren 2014. Frå v. Erling Myrbostad, Torbjørn Polden, Tor Mikkelsen og Knut Østbø.

Søyådalsboka er ferdig trykt. No kan ingenting forandrast.

Når ein har jobba med eit prosjekt i tre år, er det ei både god og skremmande kjensle. God fordi arbeidet er gjort, litt skremmande med tanke på at det vi har skreve mellom permane – anten det er rett eller gale – blir ståande til evig tid.

Men boka ser bra ut. Vi er nøgde (og litt stolte), og ser fram til å presentere produktet i Bondehuset søndag 31. mai kl. 13. Her vil vi fortelje om arbeidet med prosjektet, og vise ein del bilete frå boka. I tillegg blir det musikalsk innslag ved Karstein Mauset. Det heile blir runda av med boksignering og eit forhåpentlegvis forrykande sal.

Det finst også nokre eksemplar att av Kvenndalsboka. Om det framleis skulle vere nokon som ønskjer å skaffe seg denne, er boksleppet i Bondehuset rette tid og stad. Vi sel så lenge det vesle lageret rekk.

To bøker og seks år med arbeid. Det vart ei reise som har prega liva til oss tre som har halde på med dette. Vi har fått med oss ein rikdom for alltid. Til saman utgjer bøkene 500 sider med lokalhistorie frå det området der røtene våre er festa.

#lokalhistorie

#surnadal

#søyådalen

Kommenter innlegget