Eg er fornærma

Den nye tida har nådd Tæla. Seterstølen til meg og Mette har vorte ein del av den den moderne sivilisasjonen. No betalar vi eigedomsskatt. Ja, du høyrde rett. Hytta som Peder Kvennbø bygde av seterfjøset på 50-talet er registrert, taksert og innlemma som ein del av kommunen sitt inntektsgrunnlag.

Med glede betalar eg eigedomsskatt til Surnadal kommune, som slit med både hotell og skitrekk. Litt må da ein utflytta kvennbøgarding bidra med. Men eg er likevel fornærma..

Kvifor? Jau, fordi summen på giroblanketten var så låg. Tæla er vår fristad. Ein diamant i skaparverket. Det er her vi helst vil vere. Og så presterer kommunen å taksere dette paradiset til 97 kroner! 97 skarve kroner. Ein kan bli fornærma av mindre.

Eg vurderar å runde oppover til hundre kroner. Berre for å markere.

#Surnadal #Hytteliv

Kommenter innlegget