Epistelen som følgjer under skreiv eg som ein laurdagskommentar i Aura Avis 25. april 2009. Når eg no publiserer den her, kan det sjåast på som ein del av oppladinga til ein ny hyttesesong. Eg hugsar at det vart tur til Botnfjellet (bildet) denne strålande vårlaurdagen. Ein skitur av dei sjeldne, rett og slett.

NOKRE DIKT kan tolkast og opplevast på fleire måtar. Hans Hyldbakk sitt kjende Vårsøg er slik. Diktet kan lesast som ei lovprising av naturen som vaknar til liv etter ein lang vinter. Men det er også et utbreidd oppfatning at Vårsøg eigentleg var ein hyllest til freden. Hans Hyldbakk skreiv diktet tidleg på året i 1945, rett før landet fekk fridomen i gåve på nytt etter fem år under tysk okkupasjon.
UANSETT kva tyding ein måtte legge i verselinene, er Vårsøg eit vakkert dikt. No når eg denne helga skal opp i fjellheimen på det som vert ein av dei siste turane på ski i år, tek eg med meg Hans Hyldbakk sine ord. Fjellet byr på fine opplevingar om våren, svært presist skildra av Kleivakongen på denne måten: «De søng så tongt kring alle dalasiå, å synnåvinn han kjem å gjer me sel».
SEINHAUSTEN i fjellet set deg i ei nesten sakral stemning. Motstykket er vårdagen, med fuglesong, susande bekkar og nytt liv som av daude gror. Eg har gått frå Kvenndalen og opp til hytta på Tæla mange hundre gongar, og kjenner både dei store trekka og dei små detaljane i landskapet godt. På denne tida er det fascinerande å sjå korleis skaparverket forandrar seg frå veke til veke. Treet, som berre for kort tid sidan knappast stakk opp av snøen, helsar deg plutseleg med knoppar og blad på greinene. Steinar og rabbar som du kjenner, kjem opp i dagen på nytt. Ein skitur i vårleg lende handlar om noko langt meir enn berre det å gå på ski.
DET ER lite snø i Trollheimen i denne våren. Skiføret kjem til å forsvinne uvanleg tidleg. Eg ser fram til ei fredeleg helg i eige selskap – krydra med ein skikkeleg langtur i dag. Nokre dagar er viktigare å ta vare på enn andre.